page view image

Nynorske Litteraturdagar 2022

Arrangementsinformasjon
event image

Nynorske litteraturdagar 2022 går av staben 21. - 22. oktober. 

Nynorske litteraturdagar er ein liten og intim litteraturfestival, fullspekka med kjende og ukjende aktørar. Litteratur, språk, musikk, kunst og humor utgjer eit årleg kulturarrangement som me er svært stolte av å vera vertskap for.

Målet med Nynorske litteraturdagar har vore å etablera eit stort årleg kulturarrangement med vekt på nynorsk litteratur og språk. Me ynskjer også for framtida å laga eit program som appellerer til ulike målgrupper, både i høve til alder og interesseområde. Nynorske litteraturdagar skal ha regional og nasjonal profil, tufta på ei solid lokal forankring. Me har tru på at denne satsinga vil vera med på å byggja opp om ein positiv identitet, i høve til bruk av nynorsk og dialekt. Tradisjonsrike Fretheim Hotel i Flåm er festivalhotell.

nynorske
litteraturdagar